lørdag 9. mars 2013

Veien til randonee ski

Altså, eg lever litt etter Pippi prinsippet; dette har eg ikkje gjordt før, så eg klarer det sikkert! Så da vi gjekk tur tvers over Langfjella http://turmedlillemannogmor.blogspot.no/2013/02/drmmen-om-heile-langfjellet.html  da trur eg at eg har tatt meg litt vatn over hodet. Sa ja til randonee ski! Såg så herlig ut alle spora i fjellsia, sola og den kvite snøen! Greitt nok, har carvingski, men er 3 år sia sist, og min karriere på desse er ikkje av dei lengste. Starta vel da eg var  27år, nyskilt og satt med 2 små unger som ville renne slalom. Eg har aldri likt vinter, og ski hater eg. Siste par ski var i 5. klasse, langrennski vel å merke.
Så eg meldte meg på et nybegynner kurs på Fjellsetra skisenter. Ringte skilæreren og advarte han med at eg aldri har hatt på meg en slalomsko engang! Dette skulle gå så greitt, beroliga han meg med. Jodda, shit tenkte eg.
Kvelden kom, eg møtte opp ilag med resten av kursdeltagerene. Oppi familietrekket, på med skia, tok 5 sekund og eg låg i nærkontakt med kalde herr Snø! En skilærer stilte seg over meg, kikka ned og spurte: "Er du Trude Paulsen?" eg berre nikka. Korleis kunne han tippe det tru??








 




Eg kom meg gjennom kurset, har rennt litt inni mellom gjennom åra. Men er like redd kvar gong eg har på carvingskia og står i t-trekket eller ned stortrekket. Og så renner eg fullstendig feil! Blir døds sliten i låra etter noen turer :(
Så no, 3 år sia sist, er eg tilbake i trekket, for må no friske oppatt, kanskje finne ut kva eg gjer feil så eg klarer meg på desse randonee skia. Høg i hatten er eg ikkje, det vises sikkert.











På vei opp til familietrekket. Dette går så bra så ;)

















Opp dei andre trekka, skal dit også, berre vent! Ha mål å komme meg til opp før kvelden er omme!





Oi! Etter å ha gått langrenn og vant med skispor, følte eg meg fullstendig "lost" på plankane! Noen innstrukser fra mamma om stilling, svinging osv, så bar det saaaaakte nedover. Av hensyn til enkelte leseres svake hjerte, er det droppa bilder av min stil i begynnelsen..... kan tilføye at dokke gikk ikkje glipp av noen fall, for det vart det ikkje! ;)



Etter mange runder begynte eg å få litt tak på dette her!! Da vart alle enige om at vi trengte en pause! Denne pausa gledde eg meg til, for Caroline hadde med: KAKE!!!! Yummy!!! Og restane av kaka etter pausen, fekk asyl hos meg og vart med meg heim att :-D




Ninja ladies med supert dupert humør!!! Fra venstre mamma, Caroline, Renate og eg. Caroline er også på mitt nivå, så ekstra kjekt at ho er med så eg ikkje føler meg så hjelpesløs aleine ;)









Yessss!!! Målet vart nådd, her suser eg ned t-trekket for 2. gong! Og det er faktisk gøy! Håper at eg no husker alle innstruksane til neste gong, for før rann eg feil: stiv som en tinnsoldat, lente meg for langt bak, brukte ikkje kroppen når eg skulle svinge, retta meg ikkje opp mellom kvar sving og var fullstendig krampaktig i kroppen der eg prøvde å klamre tærna fast i skiskoen i et håp om å knipe meg fast i snøen. Ikkje rart eg vart sliten før! Randonee neste da eller??? En tur til i trekket, trur eg først.


















2 kommentarer:

  1. He, he, ler litt av historia di :) Eg har også gått ut på bana og sagt at eg vil ha randonee-ski.... fordi eg trur det blir lettare å køyre ned med enn med vanlege fjellski. Men har lite (ingen) erfaring med slalom, så kanskje det ikkje er så lett som det ser ut til???? Men eg er optimist, og trur det går bra med litt trening :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har i allefall rette innstillinga! :)) eg har ikkje rennt ned med fjellski engang! Kun carving i preppa bakker. Kan bli interessant for oss begge dette, sku ha møtes oppi fjellet med kvart vårt par og sett kven som datt først! Eg trur mest at eg detter før deg og du berre suser avgårde ;) gi et pip da når du har prøvd!

      Slett